Ønskjer du å bruke eit eller fleire av bileta mine?

  • Du kan i utgangspunktet ikkje laste ned eit bilete frå meg og legge det ut sjølv.

  • Du er alltid velkommen til å dele eit bilde eller eit innlegg eg har lagt ut ved hjelp av dele-funksjonen i sosiale media.

  • For bedrifter som ønsker å bruke bilete, har eg følgande prisliste:

    • Kvar lisens inkludera óg all bruk som er inkludert i alle lavare lisensnivå.

    • Intern bruk: 500kr per bilete
      Bilete kan brukast internt i bedrifta, altså ikkje offentleg.

    • Enkel bruk: 1500kr per bilete
      bilete kan brukast på ein ikkje-sentral måte på heimeside eller sosiale media.
      Eksempel er: Artiklar eller side som ikkje er det første ein ser når ein går inn på heimesida. Eit begrensa antall innlegg på sosiale media.

    • Vanleg lisens: 3500kr per bilete
      Bilete kan brukast på ein sentral måte på heimeside eller sosiale media.

    • Trykk-lisens: 4500kr per bilete
      Bilete kan brukast på trykk i for eksempel reklamebrosjyre eller noko du sel der bilete ikkje er eit hovedmotiv.

    • Full lisens: 8000kr per bilete
      Bilete kan brukast som hovedmotiv på noko du sel.

    • Som hovedregel må du kreditere meg kvar plass du legg ut bilete offentleg.