Hei! Eg er ein fotograf busett i Solvorn i Luster kommune. Dei siste åra har fotografi blitt noko eg brenn meir og meir for. Eg vil sei det har blitt ein måte for meg å komme meg ut, og sjå verda på ein ny måte.
Denne nettsida vil være ein stad der eg kan vise fram fotografia mine på ein måte der eg kan kontrollere heilt sjølv korleis bilda mine blir presentert, samt å kunne tilby trykk av enkelte av bilda mine.
Bileta eg sel trykk av er eigenproduserte. Noko som gjev meg god kontroll for å få det ferdige produktet til å bli akkurat slek eg vil ha det. Eg prøver meg fram med forskjellige typa papir og printer-innstillinga til eg er heilt fornøgd før eg legg ut noko for salg.
Det gjer óg at kostnadane går ein del ned, og at eg kan selge til ein ganske lav pris, utan å inngå eit kompromiss når det gjeld kvalitet. Det er noko eg er veldig glad for, sidan eg ønskjer at bileta mine skal være tilgjengelig for så mange som mulig.