Denne sida er under utvikling, ta kontakt om du har spørsmål eller idear som me kan jobbe saman om!
Ønsker du portrettbilete med meg, er det veldig hyggelig! Ta kontakt for ein uforpliktande prat.
- Eg tilbyr for øyeblikket portrettfotografering for 500kr for 1 time med fotografering, i området Sogndal-Luster.
- Dette er midlertidig pris, det kjem ny prismodell her etterkvart. Så utnytt tebodet medan du kan ;)
Konsertfotografering:
- Konsertfotografering har blitt noko eg er veldig glad i. Musikk har alltid vore mykje av inspirasjonen til bileta mine, sjølv om det er heilt andre sjangra som f.eks. landskapsbilete, og å fotografere ein konsert blir ein måte å tolke musikken, framføringen og stemningen på mykje meir direkte. Eg likar og personleg variert musikk, og har fotografert alt frå mjuk pop/folk konsertar til tung metall. Det gjer at eg kan omstille meg til ditt uttrykk.
- Her kjem og meir detaljert prismodell etterkvart (basert på kor stor del av konserten som skal fotograferast, kor mange bilete du/dykk vil ha, om bileta skal brukast berre på sosiale media eller også til marknadsføring, osv.).
- Å få gode foto frå konserten din er gull verdt for å vise fram uttrykket ditt, ikkje minst er det ein langsiktig investering og noko å sjå tilbake på i framtida.
Midlertidig konsert-galleri med eksempel av mine konsertfoto finn du her (nyaste nederst)