English speaker? Please translate the text under yourself, click the link at the bottom to see the gallery, and feel free to reach out if you have any questions.
Heilt nederst finn du link til bilda tatt av Daniel Johansen Foto for Lustrafjorden Inn 2026.
Det er bilde av alle ca 150 deltakarar, i løypa, anten rundt Huarplassen for Skyrace, eller rundt Vatnasete/Haugmelen for Ultra. Nokre få er uklare eller ikkje i fokus, men dei fleste er av ganske god kvalitet.
Alle er velkommen til å bruke bilda som dei vil, men eg ser helst at dykk følge desse instruksane so mykje som mulig. Om du bommar på nokon detalja er det i orden.:
Krediter Daniel Johansen Foto. Skriv for eksempel “Foto: @danieljohansenfoto” når du lagar innlegg eller legg ut bilete. Da skal sida mi komme opp som eit valg du kan trykke på (FB/IG):
Rediger bilde minst mulig. Eg ser helst at original beskjæring blir beholdt, men det er OK å beskjære bilde. Dei fleste bilda er beskjært i 2:3 forhold, og eg forstår at nokon vil bruke andre størrelseforhold.
Om det er eit bilde du ønsker å bruke som profilbilde, kan du vanligvis bruke original beskjæring og beskjære/ramme inn direkte i f.eks. Facebook. Da beheld du original beskjæring når nokon trykker seg inn på bilde.
Ønsker du å fremkalle (skrive ut) eit eller fleire bilde på fotopapir, kan du sende ein forespørsel om å få fil i full oppløysing for å få best mulig utskrift. Send da ein melding der du skriv følgande informasjon: namn på bildefil (står øverst til høgre når du er inne på eit bilde), kva ramme du skal bruke, og eventuelt indre størrelse på passepartout.
For eksempel: Hei, eg ønsker gjerne å skrive ut bilde 2N2A4670 i 40cm × 30cm ramme med 30cm x 20cm indre mål på passepartout.
Då kan eg raskt leite opp bilde ditt og beskjære det sånn at det passar inn i ramma du har tenkt å bruke, og sender deg ei fil du kan bruke til å bestille sjølv.
Eg har også god fotoprinter og eg kan framkalle bilete, men eg tenker i utgangspunktet ikkje å prøve å få meirsalg på det på dette prosjektet, så eg ønsker først å fremst kun henvendelsa frå personar som bur i Luster eller Sogndal kommune som enkelt kan avtale lokal levering/henting.
Du kan enkelt søke opp og laste ned alle bilda av deg sjølv, etter at du trykker på linken heilt nederst:
1 - Trykk på forstørrelsesglaset oppe til høgre:
2 - Trykk på “search for a tag”:
3 - Du kan no søke opp deltakarar via BIB nr eller navn, eller velge frå lista, trykk deretter på “Ok”:
4 - Du skal no få opp alle bilde av valgt deltakar, med forbehold om feil identifisering.
5 - Dersom du er på PC, kan du trykke på “A” på tastaturet for å velge alle, deretter kan du trykke “download” nederst.
På mobil skal det gå an å velge eit bilde, deretter trykke “Actions” nederst, deretter “All”, deretter “download” for å laste ned alle.
For spørsmål/forespørsler kan du gjerne sende meg ein melding via Facebook eller via e-post: daniel@danieljohansenfoto.no