Først av alt takk for alle hyggelige møte på Oktoberfesten, det var gøy at så mange stoppa meg for å få tatt bilete!

Under finn du link til galleri med portrettbilete frå Oktoberfest Sogndal 2026.

Portrettbileta er frå anten når folk har spurd meg om å ta bilete, eller smilt/posert til kamera. Om du ikkje vil ha med bilete av deg likevel så send meg berre ein melding med biletnamn (står øverst til høgre når du er inne på eit bilete) og be meg om å fjerne det.

Om eg tok bilete av deg og det ikkje er med, er det mest sannsynlig fordi det var alt for dårlig lys eller eg bomma med kamerainnstilling/fokus. Det er altså ikkje noko med deg. :)

Du kan sjølvsagt leggje ut bilete av deg sjølv på sosiale media, det er alltid hyggelig, då set eg pris på om du krediterar fotografen. :)

Skriv gjerne f.eks. Foto: @danieljohansenfoto så kjem sida mi opp som valg (på FB/IG).

Om du har tilbakemelding eller spørsmål, er det berre å sende melding på FB/IG eller e-post til daniel@danieljohansenfoto.no

Håpar alle blir fornøgd med bileta sine :)

Trykk her for å gå til galleriet